Marknad til inntekt for Grannatun

Grannatun skal ha sin årlege marknad like over nyttår for å få inntekter til det dugnadsbaserte grendahuset vårt.

På marknaden skal vi ha åresal og loddsal. Dette er ein lang tradisjon og ei av dei viktigaste samkomene i bygda. Dette er viktig for å ha nok inntekter til drift og vedlikehald av grendahuset og uteområdet.

Vi i marknadskomiteen 2018 har planlagt marknad sundag 14. januar 2018, men er då avhengig av å få inn gevinstar og gåver til åresal/loddsal frå krinsen.

Me håpar du vil vere med å støtte oss med gevinst, gåvekort eller eventuelt pengegåve? 

Om du ikkje veit kva du vil gje som gevinst, kan pengegåve vere ein god ide. Då kan du til dømes gje 100 kr, så kan komiteen samle inn og kjøpe ein større gevinst. Til dømes kan det bli nytta til å kjøpe eit gåvekort eller liknande.

Dykk kan til dømes overføre dette til Grannatun sin Vipps.  Vipps-nummeret er: 139467  og hugs å markere med «Til gevinst til marknaden».

Me vil kome rundt og ha gevinstinnsamling: tysdag 9.januar 2018

Alle bidrag er av interesse! 🙂

På førehand hjarteleg takk,

beste helsing marknadskomiteen
grannatun

Kransalaging i Grannatun

Onsdag 29.november klokka 18.00 samlast me i Grannatun og lagar oss fine dekorasjonar til advent.

Om du har noko fint vintergrønt i hagen, er det kjekt om du tar det med. Til dømes brakje, sypress, tuja, sibirkornell, mispel og eføy er supert å bruka.

Lurt å ta med: Greinsaks og hanskar! 

Fin adventskrans som snart skal lysa opp i ventetida.
Fin adventskrans frå tidlegare kransalaging.

Bjørg B. Dvergsdal tek med seg mykje fint frå butikken som, som me kan supplera med.  Håpe mange vil koma og vera med oss.

Me kosar oss med jolebakst og gløgg/kaffi/te.

PS: Kvar enkelt betalar Bjørg for dei tinga dei brukar til sin dekorasjon. 

Arr: Børve og Sekse Bygdekvinnelag

Bjørg Børve Dvergsdal inspirerte og motiverte. Alle foto: Edel Karin E. Alpen
Bjørg Børve Dvergsdal inspirere og motivere. Alle foto: Edel Karin E. Alpen