Skuleskyss med båt

I ruskeveret torsdag morgon, kunne elevane frå Seksekrinsen gå ombord i «Seacruise» på fruktlagerkaien på Børve. Dei vart frakta til Lofthus.

Bussane køyrde riksveg 13 som var open. På Lofthus kunne ungdomskuleelevane ta buss vidare. Ein del andre passasjerar nytta også sjansen med å bruka skyssen som Ullensvang herad har sett opp.

Bak spakane i den flotte skyssbåten, sat eigar og skipper Nils Agasøster, medan Amund Agasøster sytte for at passasjerane kom trygt ombord.

Nisl Agasøster har drive med skyssbåt og skuleskyss i Fitjarøyane i minst to mannsaldrar, så han er vane med litt kvitt på bølgjetoppane, for å seia det slik.

Heradet skal ha ei ny vurdering av situasjonen i dag klokka 12.00.

Her er ein del bilete frå den fyrste skuleskyssen med båt frå Børve:

Fyrstemann ombord. Alle foto: Johannes H. Sekse
Fyrstemann ombord.
Alle foto: Johannes H. Sekse

 

Amund Agasøster og Ellen Nydal Sekse sytte for tryggleiken.
Amund Agasøster og Ellen Nydal Sekse sytte for tryggleiken.
Mange spente fjes i køen.
Mange spente fjes i køen.
Snart var alle ombord.
Snart var alle ombord.
Nils Agasøster ser etter at alle er komne ombord.
Nils Agasøster ser etter at alle er komne ombord.

 

Rådmann og pappa, Magnus Steigedal overvaka det heile.
Rådmann og pappa, Magnus Steigedal overvaka det heile.
Båten med den dyrebarelasta på trygg veg mot Lofthus. Aga i bakgrunnen.
Båten med den dyrebarelasta på trygg veg mot Lofthus. Aga i bakgrunnen.

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.