Leirskifte og pengedryss i «Grannatun»

Jorunn Sekse sa frå seg attval medan Arvid Ystanes takka ja til å overta rorpinnen i styret i «Grannatun». Ein privatperson har gjeve godt over 600 000 kroner til huset!

Leiarskifte i Grannatun. Jorunn Sekse og Arvid Ystanes. Fotvo: Johannes H. Sekse.
Leiarskifte i Grannatun. Jorunn Sekse og Arvid Ystanes. Foto: Johannes H. Sekse.

Av Johannes H. Sekse

På grunn av prosjektet med kjøkenvøla, har styret hatt langt fleire møte (12) enn vanleg, i 2016. Men så er også kjøkenet ferdigstilt og alt teke i bruk. Det har vore ein svært god dugnadsinnsats, og  styret takka både alle som har vore med og ytt noko, og spesielt Røynstrand Entreprenør AS, B. Mikkelsen og Geir Sekse.

I salen oppe er det kome to varmepumper og lydutstyr. Det har også vore gitt ei rekkje pengegåver både av private og verksemder.  Mellom dei største er Sparebankstiftinga Hardanger (350 000 kr), Fylkeskommunen (250 000 kr) og Gjensidigestiftelsen (85 000 kr – i 2017).

Størst av alt var ei pengegåve på godt over 600 000 kroner frå ein privatperson. Eit imponerande bidrag.

Ein ekstra kjærkomen bonus var momskompensasjon frå lotteritilsynet på 103 000 kroner.

Kinsarvik nett har installert og spandert gratis breiband. Laget var ved årsskiftet god for 674.622 kroner. Årsmøtet fastsette nye utleigeprisar. «Grannatun» leiger også ut bord og plaststolar

Styret 2016 har vore:

Formann: Jorunn Sekse
Skrivar: Kari Herstad
Kasserar: Dagfinn Børve
Styremedlem: Marie Synnøve Børve og Gisle Røynstrand

Nytt styre i  2017/18:
Formann: Arvid Ystanes
Nestleiar: Marie Synnøve Børve
Skrivar: Kari Herstad
Kasserar: Thomas Lund Midtun
Styremedlem: Jon Sekse

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.