Sensasjon over Sekse

 

Drosjen til Evald Jåstad på veg over ØvsaSekse. Filmen er god reklame både for bilen og området her me bur. Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe.
350 «hestar» og nokre sauer. Drosjen til Evald Jåstad på veg over ØvstaSekse. 
Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe.

Den heilt spesielle og eineståande drosjen vart reklamefilma då han broomma seg over Sekse i fjor haust. Filmen vart lansert sist veke, og er minst like god reklame for Hardanger som for Ford.

Tekst: Johannes H. SekseFoto: Falkeblikk AS/Ford of Europe.

«Bånn gass! Bånn gass! Bånn gass!» seier treåringen som sit fastspent i baksetet på veg til barnehagen. Det er ikkje alle som har ein far som eig ein så spesiell drosje.

Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe
Her har RS-drosjen passert Hovland. Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe

Etter at Ford of Europe oppdaga bilen på Facebook, tok dei kontakt og sende deretter eit filmteam for å laga reklamefilm. Mykje av filmen er teken i nærområdet vårt – mellom Hovland og Sandstå.

Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe
Her brommar han seg oppover mot Haugen. Hovland og Kvalnes i bakgrunnen. Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe.

I ein reportasje i Hardanger Folkeblad (som hjul-fylgde fototeamet ein dag i fjor haust) fortel eigaren av «Det blå’a lynet» – Evald Jåstad (37) – at han alltid har vore interessert i rallysport. Då han fann ut at dei også laga denne bilen med fem dørar og god plass, slo han til.

Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe
….før vegen flatar ut og går nedover att mot Sandstå. Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe

Bilen: Ein Ford Focus RS med 2,3 liters motor, akselerasjon frå 0 til 100 på 4,7 sek og 350 hk – slo han til.  Dermed var han og eigar av den aller fyrste RS-drosjen i verda. I dag finst det to til – ein i Grimstad og ein i Rotterdam.

Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe
Her brommar han nesten ikkje. Sauene bryr seg lite. Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe.

Evald har mange nøgde kundar, frå hans eigen treåring  via utanlandske ungdomar på ferie, til ei Oddadame på 95. Ho spør alltid etter RS-taxien når ho har handla.

Artikkelen i HF kan du lesa her: file:///C:/Users/Asus/Desktop/2018-01-29_Hardanger_Folkeblad_-_29-01-2018_print.pdf 

 

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.