Ekstraordinært årsmøte

«Espe skyttarlag hadde ekstraordinært årsmøte onsdag 11.desember 2019.
Kun fire medlemer møtte. Dette syner kva interesse det er for
skyttarlaget i Krinsen.

Espe skyttarlag vert lagt ned frå 1. mars. Laget har gjeve kr. 15000,-
til Espe Grannalag, og kr. 15000,- til Grannatun på Sekse.

Fram til 1. februar sel laget ut ammunisjon til medlemer for
innkjøpspris. Det som er att då, vert overført til Ullensvang skyttarlag.»

Helsing

Styret

Gateljos Seksevegen

Justering solcelleljos

Marit Ystanes i Ullensvang kjem her med litt informasjon / status på gateljos :

» Me må gjere nokre endringar på innstillinga på Solcellemastene. Mastene har eit for stort forbruk i forhold til produksjon. Leverandøren trur at det skuldast at bevegelsesensoren vert trigga unødig. For å redusere risikoen for at lampane sløkkjer seg vil me i ein periode skru av bevegelses sensoren. Fylgjande innstilling vil gjelde i ei tid framover: Lysa vert tent når det mørknar og lyser i 7 timar (dvs til rundt kl 23). Dei vil vera sløkte på natta og tenna igjen rundt kl 6. Leverandøren jobbar med å finne løysing som gjer bevegelses sensoren mindre sensitiv, og dei fylgjer godt opp for at mastene skal fungere optimalt.  
Dersom de ser master som ikkje lyser, send gjerne sms til Marit på 926 82 815. 
Me ynskjer alle ei Riktig God Jul og eit Lysande, Godt Nytt År! ?
Beste helsing Ullensvang herad, v/Marit ☀

Tusen takk IAG

Eg vart fullstendig sett ut idag. Ein flott blomeoppsats levert på døre heime. Det er mange som har del i denne blomen, men eg vart både stolt og glad.  Tusen takk  IAG !

Ei varmande helsing

Karl Arvid Andersen

Leiar IAG

Slutt for det lokale skyttarlaget ?

 

      

  ESPE  SKYTTARLAG

Innkalling til ekstra årsmøte.

Det vert med dette kalla inn til ekstra årsmøte i Espe Skyttarlag.

Onsdag 11. desember kl. 2000 på Espe Grendahus.

Saker 

  • Oppslutninga om skytinga har minka. I tillegg må det ein del utbetringar til på banen.

Styret foreslår difor at Espe skyttarlag går inn i Ullensvang skyttarlag. Dette må årsmøtet ta stilling til.

  • Dersom nokon ynskjer å driva vidare, er det mogeleg.

Møt opp på Espe Grendahus, onsdag 11. desember.

Komitear og styre

I små bygder vert det ofte mange komitear og styrer å sitja i. litt vel mange seier enkelte.

Me har fått innspel på om det er mogeleg å registrera kven  som sit i  komitear,  styre for lag og foreningar. Så må kvart enkelt komite`/styre ha eit arkiv på tidlegare komite- og styremedlemmer

Me nevner i fleng :

Jonsok, 17. Mai, FAU,  Quiz, Marknad, Grannaveitla, idrettslag, Bygdekvinnelag, Grannalag, Eldrelag etc

Alt er er litt aldersbetinga. Du startar gjerne i Jonsokkomite` og sluttar i eldrelaget. Nokon tek større belastning enn andre. Alt er dugnad for bygdene. Skal me ha levande bygder må alle bidra på sin måte.

Felles for alle verv er at det må vera frivillig. Når det gjeld komiteàr som er årvisse bør det vel vera slik at avtroppande komite`stablar ein ny på beina.

På nettsida vår kan me laga ei fane med undergrupper visst det er interesse for det. Men då er det viktig at dette vert meldt inn til IAG. Enten til Johannes Sekse, Tale Hauso eller Karl Arvid Andersen

Grannabryggjo

No er toppdekket ferdig lagt. Noko lite i sørenden gjenstår før bryggjo går inn i vinterdvale.

Plattingen er nesten klar

Til våren vil me ta opp att arbeidet. Då vert det lagt «skjørt» ut mot sjøen på alle kantar. Badetrapp er og under planlegging. Livbøye har me fått frå Sparebanken Vest. Denne må me få ein egna plass til. Vonar bryggja kan stå ferdig til badesesongen startar ca 1. mai

Familien Sjur E. Børve var sterkt representert i dag. Grethe inviterte på lappar og kaffi.

Erling trakterar sirkelsag og
finkappar

Jon Arne Sekse var på synfaring i lag med Erling Børve. Dei har teke på seg å byggja skjørtet til våren, med hjelp av oss ufaglærde

Sjur i gang med håndkapping

 

Miljøgata på Sekse

Gateljos på Seksevegen.

Gateljos i Seksevegen

Fylkesveg 101, Seksevegen, har i haust fått ljos. Ein lang kamp har resultert i 83 nye master.  Solcellepanel er integrert i øvste del av masta som igjen forsyner og ladar eit batteri plassert innvendig, nederst i mastefoten. Og vipps så tenner det eit ledljos på toppen

Eg syns det er tøft. Det er noko traust med desse tremastene. Det er nesten uverkeleg å sjå denne ljosrekkja framfor deg når du kjem køyrande i mørket.

Då tenkjer eg; Yes, me fekk det til !! I desse tider med stort fokus på miljø, syns eg me kan kosta på oss å vera litt stolte. Me har fått noko som kan verta framtida. Sjølvforsynte master.

Ljoset kan regulerast i forskjellige modus. No tenner ljoset ved mørkets frambrot og sløkkjer fram mot midnatt. I dag var ljoset  på kl 0600. Ved rørsle (trafikk eller gåande) aukar ljosstyrken.

Har lyst å takka Solfrid Borge som hjelpte oss med å få 2 millionar i tilskot frå  fylket. Det var startskotet til det heile.  Marit Ystanes i heradet har jobba iherdig for å få alt på plass. Ja, ho har gjort ein kjempejobb for oss !

 

Hjartestartar

Me har i lengre tid prøvd å få hjelp til innkjøp av hjartestartar for krinsen vår.

Fekk no den hyggelege meldinga at me er tildelt hjartestartar frå «Almennnyttige  midlar» i Sparebanken Vest for tildelingsåret 2019

Hjartestartar

Me takkar Sparebanken Vest for denne flotte gåva. Me vil no starta ein prosess med kor me skal plassera startaren. Me vil gjerne ha innspel til kor den bør monterast !!

Denne fyrste startaren me har i vår krins syns me det var naturleg å plassera i miljøet kring Barnehage, Grannatun og Båthamn/Badestrand. Me har allerede ein person som skal finna ut av korleis den bør monterast og  beskyttast på beste måte.

Den skal vera lett tilgjengeleg og sentralt plassert. Me ser for oss å få ein kyndig person til å informera og rettleia oss om bruk . Då bør me ha representantar frå dei ymse lag og organisasjonar tilstades.

Bryggeplattingen snart ferdig

Dugnadsinnsatsen har vore stor. Så stor at det gjekk tomt for plank og skruer. Me får skylda på litt logistikk og leveringsproblemer.

Neumann leverer

På grunn av feilleveranse av Neumann i Odda stilte dei opp samme dagen med ny levering. Takk for god service !

 

Ny plank på plass

No er det klart for ny innsats. Plank og skruer på plass. Alle som vil ta eit tak er velkomne fyrstkomande tysdag kl 1700. Snart er me ferdig med trinn 1 som er å gjera ferdig dekket.

Så vert det bygging av » skjørt » som går frå bryggekanten og ned i sjøen. Deretter vert det kun utsmykking som gjenstår.

Føyk og IAG har løyvd ytterlegare 15000,- kvar. Då håpar me å vera i mål med bygging av sjølve kaien. Då får me eit areal på ca 200 m2 å boltra oss på.

 

Arbeidsvillig ungdom

Dugnaden fortset på bryggjo i Markastå

Platting sett frå sør

Platting sett frå nord. Her ser me Magne Kvalnes, Einar og Arne Guddal i arbeid

Golvleggingen er no halvveges !

Ungdomen har gjort sitt inntog og det er svært gledeleg. Dei står på og stiller med verktøy og utstyr. Mange har stilt opp mange gonger. Det er viktig for å føla litt eigarskap at flest mogeleg stiller opp. Unge og  eldre . Det er faste dugnader kvar Tysdag og Torsdag kl 1700

No er me nesten tomme for material og neste dugnad vert Tysdag 18. Juni. Kaien får eit totalareal på 200 m2, kledd med trykkimpregnert plank. Tusenvis av rustfrie skruer går med. No må me nok ut og prøva å få tak i meir pengar. Berre sjølve kaien nærmar seg no ein kostnad på 300 000 kroner. Så langt betalt av Føyk og IAG uten noko form for støtte utanifrå.

Me har all grunn til å vera stolte av alle dei som stiller opp på dugnad gong etter gong. Ta gjerne kontakt med Øyvind Andersen og Magne Kvalnes for spørsmål. Ellers er det berre å stilla opp med batteridrill, meterstokk og blyant ! Dei som ikkje kan delta med arbeid, still gjerne med kaffi og noko å bita i.

Helsing frå dugnadsgjengen