Kategori: Nyhende
Grannanytt 2021
GrannanyttLast ned
Ved ein feil vart ikkje Hardanger Handbryggeri og Hovland Vel teke med i avisa. Desse kjem som eigen artikkel seinare.
Vil takka alle som har bidrege med saker og artiklar i avisa vår.
Redaktør Øyvind Andersen
Jolebasar på Espe
Søndag 5. Desember kl 1700 arrangerer Espe Bygdekvinnelag Jolebasar i Espe Grannahus
Klar for trening?
Her er treningsplanen for hausten 2021! Kom og bli med 🙂
Kurs i Grannatun
I går arrangerte IAG og Ole Johnny Bukve hjertestartar-og førstehjelpkurs i Grannatun. Ole Johnny hadde med seg alt nødvendig utstyr.
Me fekk trena på hjerte-og lunge redning (HLR) og bruk av hjertestartar. Eg har hatt eindel førstehjelpkurs i mi tid, men dette er det beste eg har vore med på. Tusen takk Ole Johnny !
Trur det var ei aha oppleving for dei fleste. Dei 9 som deltok var veldig fornøgde. Å få kurs av ein som jobbar i 1. linje i ambulansetenesta var veldig bra. 80 % av alle tilfelle med hjartestans i Norge skjer i heimen. Ole Johnny seier seg villig til å halda fleire kurs visst det er interesse.
På veggen på austsida av Grannatun heng vår eigen hjertestartar. Visst nokon ein gong skulle havna oppi ein situasjon må de hugsa at hjertestartaren heng der og må hentast visst naudsynt.
Barne- og ungdomstrening
Kurs i bruk av hjertestartar
Hei,
Ole Johnny Bukve har sagt seg villig til å halda kurs i bruk av hjertestartar + eit lite fyrstehjelp kurs i Grannatun , Mandag den 1. November kl 1900
Dei som ynskjer å delta kan skriva i kommentatorfeltet, eventuelt send melding til Karl Arvid på tlf 95250107
Kanskje lurt at det vert med representantar frå lag og organisasjonar som Føyk, eldrelag etc.
Helsing
Indre Austsio Grannalag
Interessert i bustadtomt? Ta kontakt!
Me ynskjer å høyra frå alle som kan vera interessert i bustadtomt i Indre Austsio (Fresvik-Deildo). Sprei bodskapet vidare!
Me er som nemnt tidligare ei interessegruppa som jobbar for utvikling av tomteland i Indre Austsio i regi av IAG. Me er i konkrete og positive samtalar med grunneigarar som er interessert i å skilja ut bustadtomter. Fleire har meldt si interesse, men me ynskjer fleire!
Status i det kommunale byggefeltet på Segelgjerd er at kommunen jobbar med reguleringsendring og legge til rette for 1 bustadtomt i nordenden av byggefeltet (her syner oversikta tre tomter) i tillegg er det ei ledig tomt i sør. Det er altså ikkje fire ledige tomter her som oversikta til kommunen viser ,men totalt to.
Me håpar at kommunen ynskjer dette initiativet velkomen og spelar på lag med oss. Det er prekær mangel på bustadtomter i krinsen vår. I dag er me i den situasjonen at personar som ynskjer å etablera seg i krinsen må flytte vekk, sånn vil me ikkje ha det!
Med alt det positive som skjer på Boliden, Tizir og elles er det særs viktig å legga til rette for bustadutvikling.
De når oss på:
E-Post : Bustad@indreaustsio.no
Åsmund Andersen Sekse – 41242571
Petter Sexe Ulriksen – 93489235
Espen Bukve – 90790749
Øyvind Andersen – 41242518
Folkemøte i Grannatun
Kommuneplan – Arealdel!
Folkemøte i Grannatun, Sekse, Onsdag 15.September – 17:00 – 18:30
Fyrstkommande onsdag, ynskjer deler av administrasjonen i kommunen å besøke Sekse-krinsen, i samarbeid med utarbeiding av ny Arealplan for kommunen.
Her kan ein høyre på kva kommunen tenker om området rundt oss, og komme med innspel eller spørsmål.
I den forbindelse, ynskjer me at alle som kan og vil, tar turen til Sekse.
Hardanger Folkeblad kjem kanskje også – for å dekke det som blir ein av fleiere slike innspelsmøter kommunen skal arrangere i kommunen.
Arealdelen i kommuneplanen er kort forklart noko som legger føringane for kva som er lov å etablere kor i kommunen.
Dette vil spesielt gjelde for plasser som ikkje har eigne reguleringsplaner – då vil arealplanen være styrande.
Relevante spørsmål kan være:
Samfunnsplanen, som definerte forskjellige sentrumsområder i kommunen vår – vil den ha mykje å seie for arealdelen, og i så fall korleis?
Og – «LNF Spreidt»-områder, som åpner opp for å bygge bolig, er det ein del av i den gamle planene – vil det bli meir eller mindre «LNF Spreidt»-områder i den nye planen?
Vil me få meir områder som åpner for naust?
Vonar du kan ta turen!
Mvh.
Espen Bukve
OBS ! ikkje gå på taket
Arbeidet med gapahuken held fram. Fekk melding om at det var ungar på det nylagde papptaket. Pappen vert ødelagt visst me går han den i denne solsteiken.
Etter kvart skal me setja opp gjerde for å hindra dette. Oppfordrar alle vaksne å passa på, og forklara at dette ikkje er greit 🥺
Ellers er dugnadsgjengen vår i gang att. No er råbygget klart og tett. I neste runde skal det leggjast tretak på toppen. Så må me sjå kva folk har lyst å ha innvendig. Me er åpne for idear og innspel. Ta gjerne kontakt med oss i IAG og Føyk 😊