Skodda dempa ikkje på stemninga på Sekse

Skodda ville ikkje sleppa taket, men det dempa ikkje noko på stemninga då Seksekrinsen samlast til nasjonaldagsfeiring i føremiddag.

171

Eit sterkt veteranprega musikkorps spela etter at 17. mai-toget hadde gått i føremiddag. Musikklaget slit utan tvil me rekrutteringa, men med god hjelp av tidlegare krefter, klarte dei «berga» dagen på Sekse, før dei sette kursen mot Kinsarvik og deretter Lofthus.

Me får verkjeleg håpa at ein  lukkast med å byggja oppatt det mangeårige og godt meritterte korpset.

172

Hallvard Eriksen (biletet) leia festsamkoma inne i gymnastikksalen i det som no er barnehage på Sekse. Og som vanleg, spela Andreas Sekse til songane.

Hovudtalar i år, var Hildegunn Espe, som påstod at ho var like nervøs denne gongen, som då ho for sju år sidan sist hadde same oppgåva.

Ho trekte trådane frå den nasjonale storhendinga på Eidsvoll i 1814 til lokale utfordringar i 2017, som vart hovudfokus i talen.

174

Den kanskje største lokale storhendinga er bygging av ein ny storkommune, der ho sjølv også er aktiv medspelar.

Sidan sist har me mist skulen vår, som var ein svært viktig arena for oss. Ho valde derimot å fokusera på alt mangfaldet som er i krinsen framleis, og rekna opp eit utal med lag og organisasjonar.

I tillegg nemne ho all den lokale næringssatsing som har skjedd og skjer. Småbåthamn og bustdfelt er også i kjømda. Og kan henda me kan få att ein nærbutikk, ja så gar ein frisør i krinsen.

Utvikling lokalt er svært avhengig av samspelkulturen og at eldsjeler vert tekne vare på, vert oppdaga og får utfalda seg.

Talaren nemnde også Ragna Flotve frå Fylkesmannen sin bodskap under temaet «Levande bygder» – nemleg at flest mogeleg må engasjera seg.  Folk må tenkja kreativt og konstruktivt og ha tru på eigne krefter og ressursar.

Det er viktig i eit bygdesamfunn at me har mangfald, også når det gjeld å ha meiningar. Det skapar ofte den beste utviklinga. Det gjeld både i prosessen kring ny kommunstruktur og på andre felt.

I slike prosessar der me fleire gonger vil støya på faktorar som me kjem til å vera usamde i, er det desto meir viktig at me møter kvarandre med likeverd og respekt, sa ho, før ho avrunda med det kjende diktet til Bjørnstjerne Bjørnson – «Jeg velger meg april», der det mellom anna heiter at «dog fred er ei det beste, men at man noget vil».

173

Natursti er ein sikker «vinnar» under nasjonaldagsfeiringa på Sekse.

Etter talen, og fortent applaus, skifta den allsidige eldsjela til rolla som leiar i Il. Føyk og delte ut premiar til vinnarane av Liatraven 2016. Resultatet av den kjem truleg som eiga sak seinare.

Siste del av markeringa var det høve til å kjøpa mat og kaffi og å vera med på ei rekkje tevlingar for små og store. Og litt etterkvart trekte også skoddo seg oppetter liane.

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.