Fri ferdsle til over nyttår!

Riksveg 13 gjennom Deildo, vil vera open for fri ferdsle til natt til 2. januar – altså – heilt til neste år!

Byggjeleiar Terje Nesse og kontrollingeniør i Statens vegvesen gjorde ein siste sjekk av istilhøva torsdag.
Byggjeleiar Terje Nesse og kontrollingeniør Jannicke Sebak i Statens vegvesen gjorde ein siste sjekk av istilhøva torsdag.

Frå torsdag klokka kvart på eitt, tok entreprenøren Contexo joleferie. i to veker.

«Det vil vera fri ferdsel gjennom anlegget frå torsdag 14.12 kl. 12:45 til måndag 1.1 kl. 23:30, då vegen vert nattestengt» står det å lesa på Ullensvang herad sine sider. – Men, det kan verta periodar med manuell dirigering dersom det er turvande med ekstra  vegvedlikehald, står det vidare.

Då IAG sin utsende passerte anlegget i halv-tre-tida torsdag, heldt byggjeleiar Terje Nesse og kontrollingeniør Jannicke Sebak på med å sjekka istilhøva i fjellskjeringane. Dei kunne då stadfesta at entreprenøren sine folk hadde teke joleferie, og at vegen vil vera open for fri fredsle fram til klokka 23.30 – altså ein halv time før midnatt, natt til 2. januar.

Ved Kvednarauga stod ein stor dumper og ynskte «God jul» med store, orange bokstavar.

Ein stor dumper ynskjer god jul!
Ein stor dumper ynskjer god jul!

Inne ved sjølve anleggsleiren, vart det heist på plass eit eige joletre som ynskjer dei vegfarande det same.

Joletre med ljos kom på plass før Contexo tok to veker ferie frå torsdag.
Joletre med ljos kom på plass før Contexo tok to veker ferie frå torsdag.
Med dette ynskjer dei alle ei riktig god jol og godt nyttår!

Ny jolequiz er i emning

Det er snart jol, og med det inviterer «Grannatun» til jolequiz og alt det som følgjer med.

Ein av dei siste tilskipingane var Jolaquiz og pub. Brutto innkome var 24 000 som gav 9- 10 000 til huset Her er vinnarlaget. Frå venstre: Anna Gjerde Tysseboten, Kristin Meland, Åsne Kvalnes, Brita Gjerde, Bjørg Børve Dvergsdal og Egil Dvergsdal.
Jolalaquiz og pub i desember i fjor,  gav brutto innkome på 24 000 som gav nesten 10 000 til huset Her er vinnarlaget. Frå venstre: Anna Gjerde Tysseboten, Kristin Meland, Åsne Kvalnes, Brita Gjerde, Bjørg Børve Dvergsdal og Egil Dvergsdal.

Tredje joledag, eller 27. desember, inviterer styret i «Grannatun» til det som no har vorte ei årleg hending – nemleg  jolequiz.

Og på nytt vonar ein på like god oppslutnad som dei to føregåande åra. Dørane opnar klokka 20.00. Då har publikum ein time på seg til å koma i rett stemning, skipa lag og la praten gå.

Det vert sal av ymse snacks som kan sveljast ned med alt frå sider, øl, vin,  brus eller vatn. Det siste er gratis. Det andre ordnar du antan med kontantar – eller  Vipps – nr. 139467.

Aldersgrensa er 18 år. Føremålet, i tillegg til det sosiale, er å støtta huset økonomisk.

Deildo-arbeid etter planen

Framdriftsplanen for rassikringsprosjektet Deildo, er i rute. Det vil med andre ord seia ferdiggjering og opning om 6-7 månader. Teksten nedanfor har me saksa frå Hardanger Folkeblad, fredag. Skrive av journalist Eli Lund.

Deildoprosjektet er i rute. Osten er siste utfordring, men dei gneg seg innpå han frå begge sider.
Deildoprosjektet er i rute. Osten er siste utfordring, men dei gneg seg innpå han frå begge sider. Me har stipla omrisset av Osten slik han såg ut tysdag denne veka. Foto: Johannes H. Sekse.

«Ifylgje byggjeleiar Terje Nesse i Statens vegvesen, går rassikringsarbeidet i Deildo som planlagt.

– Det går stort sett greitt. Me hadde utsett opning av vegen måndag morgon på grunn av sikringsarbeid. Vegen var då stengd til 06.15, og opna ikkje 05.00 som den skal.

Sist laurdag var det arbeid på dagtid som gjorde det naudsynt med stenging fram til 12.45. Helga før fri ferdsel både fredag og laurdag. No vert det laurdagsstengt igjen.

– Vegvesenet informerer om eventuelle endringar i opningstider i helgene på sine facebook-sider, seier Nesse.»

https://www.facebook.com/Rv13Deildo/

 

 

 

Nytt skilt på Hovland

Nytt skilt på Hovland.
Nytt skilt på Hovland.

Tekst og foto: Johannes H. Sekse

No har det kome endå eit skilt på Hovland, som viser avkøyrsla til Sekse når du kjem frå nord. Frå før står det to skilt med «Sekse» på, når du kjem frå Oddasida.

Det me har sakna, er eit Sekse-skilt ved ungdomshuset.  Noko IAG har etterlyst tidlegare. Slik det er i dag, køyrer mange som ikkje er kjende, forbi ungdomshuset og inn til Hovland. Hadde det  nye skiltet kome ved ungdomshuset, hadde ein fanga opp trafikantane som kjem frå Kinarviksida.

Det verkar litt feil at det står tre Sekse-skilt på Hovland og ikkje nokon i Sandstå. Eit forslag til vegvesenet: Ta det nye skiltet på Hovland og flytt det ut til Sandstå, så er problema løyste.

 

 

Vegljos under planlegging

Som kjent har Hordaland fylke 2 millionar kroner til vegljos over Sekse.

I dag er det ein og annan stolpe med ljos i langs Seksevegen, medan lange strekkjer er kolsvarte. No forventar ein at noko vil skje.
I dag er det ein og annan stolpe med ljos i langs Seksevegen, medan lange strekkjer er kolsvarte. No forventar ein at noko vil skje.

Mange lurer no på kva som skjer og kva tid ljoset kjem. Ikkje minst no når  haustmørkret alt har gjort sitt inntog.

I dette brevet (nedanfor) skriv teknisk sjef Helga Helleland at arbeidet må lysast ut på tilbod, men at det skal koma i gang i løpet av 2017. Så reknar me med at det snart er nokon som set spaden i jorda.

Me vil fylgja saka opp med det fyrste.

gateljosskriv frå heradet

 

Strikkekafé på Sekse

Det vert strikkekafé på møterommet i barnehagen på Sekse

strikk ill

Tysdag 10. oktober kl. 18.00.

Tysdag 7. november kl. 18.00.

Strikkekafeen 5. desember vert i vetlaløo kl. 18.00. – Om det er nokon som treng skyss ta kontakt med Signe Lise Børve tlf 48213341, så skal me ordne plass.

Arr. Børve/sekse bygdekvinnelag