Ved Vetlabryggjo på 1930 – talet

Bilete teke nede ved «Vetlabryggjo» tidleg på 1930-talet

Eg fekk tilsendt eit bilete frå Helga Forslund (fødd Svoldal og oppvakse på Spansteigen)

Biletet er teke nede ved Vetlabryggjo. Det er den natursteinsbygde bryggjo på sørsida av naustet til Tomas Sekse. Denne var tidlegare pæla, men vart bygd opp att då vegen var utbetra rett før år 2000

Hadde vore kjekt å visst kven denne flokken er og kor dei skal på tur. Kanskje til Vikebygd på dans ?

Helga kjende att nokon av dei. kanskje den eldre garde her omkring veit noko om dette ??

Tilbakemeldingar hadde vore kjekt.

Takk til Helga som fortsatt er så interessert i heimbygde si etter nær 70 år i utlendigheit. Heldigvis er ho og med å støttar Grannalaget vårt.

 

Grannabryggjo

Vår nye arena i Markaståvikje.

Markastå

På årsmøtet til IAG kom det fram at det var forvirring om  sammenhengen  mellom dei forskjellige prosjekter.

Ska prøva å utdjupa litt :

Grannabryggjo er ei medlemsforening der alle kan melda seg inn ved å betala ei medlemsavgift. Både dei som har båtplass og dei som berre er medlem, har same rettigheiter i foreningen. Blant anna utsetjing av båt frå betongslipp. Medlemsavgifta vert bestemt av årsmøtet.Formann er Bodil Svoldal og kasserar er Randi Selvåg Fresvik.

Så er det bryggja som er under bygging.  Då snakkar me om den delen der det står pålar  i sjøen.

Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Føyk og IAG. I fjor løyvde me i fellesskap 140 000 kroner til innkjøp av materialar. Arbeidet er på dugnad. Her begynte me i fjor å bitta pålane saman med stolpar mot land.

I år har IAG løyvd 25000 kroner og me reknar med at Føyk gjere det same. Dette skal gå til ferdigstilling av bryggja / kaien. Kaien får eit trykkimpregnert dekke og vert på ca 100 m2

Me vonar at dette skal verta ein ny samlingsplass for bygdefolket med tilknyting til badestranda

Det er og forvirring om Føyk og IAG sin rolle i Grannabryggjo.(båthamne) IAG er eigar av reguleringsplanen for heile området  i Grannabryggjo.  Rguleringsplanen er utarbeidd og betalt av IAG sine medlemmer. Dette representerar ein eigardel som IAG fortsatt har i Grannabryggjo.

I reguleringsplanen er det planlagt og inntegna eit tredelt bygg med plassering i inste del av steinpiren. Her planla Føyk å byggja eit kajakksenter, med innelagring av kajakkar og flytebryggja i sjøen nedanfor for ombordstigning i kajakkane.

I og med at det er eindel begrepsforvirring forslår eg no at me set i gang ein navnekonkuranse .

Kva skal «bygdebryggja» heita. Kom gjerne med navneforslag på Indre austsio grannalag si facebookside.

Vonar dette gjorde ting litt klarare.

Årsmøte med nogo attåt

Indre Austsio Grannalag inviterar til Årsmøte i Grannatun, Tysdag 19. Februar Kl 1900

Prosjektleiar / rådmann Ole Jørgen Jondahl vil i førekant av årsmøtet informera om ulike sider ved kommunesamanslåinga

Vonar at flest mogeleg har lyst å koma på dette utvida årsmøtet . Me serverar kaffi og kaker.

ÅRSMØTE 2019

 

Skøyteis på Sekse

Sola skin over isen på idrettsplassen på Sekse.

Dette er eit flott tiltak for alle aldersklassar. Mange godt voksne krabbar opp på loftet og dreg fram skøytene.

Det varmar å sjå slik gleda og entusiasme hjå dei minste som tek sine fyrste skøytetak… Litt knall og fall løyser seg med litt trøyst og ein kopp varm sjokolade. Kjekt å ha ein samlingsplass. Ein stor takk til eldsjelene som trør til og sprøyter. No har me hatt isen ei veke, men meldingane er ikkje så oppløftande for komande veka. Men me satsar på at det ikkje slår til.

Det lyser i stille grender

To ljosmaster med solcelleteknologi har vorte testa ut i vinter. Dei lyser eit begrensa antal timar og aukar ljosstyrken i same periode ved rørsle. Me har meldt tilbake til Marit Ystanes i Heradet. Ho har i samarbeid med Mesta elektro fått justert ljos på bakgrunn av våre tilbakemeldingar.

Gateljos på seksevegen

Diverre vart kapasiteten for liten og stod ikkje til våre forventningar. Dei var og mørklagde i ein lenger periode. No har Mesta bytt frå blybatterier til Lithium batterier. Dette vil verta testa ut ein avgrensa periode. Den eine masta skal vera på eit antal timar morgon og kveld og den andre skal tenna på rørsle.

IAG bestemte i Styremøte den 14. januar at me ville gå for ein anna løysing. Me ville gå for grøft og stålmaster med led ljos frå Flisabakken til Gunn Marit Olsen. Deretter   foreslo me master med luftspenn  til Jon Aslak Herstad (ubebudd område). Herifrå til Hovland grøft med stålmaster.

Me har fått 2 millionar til gateljos frå Hordaland Fylke. Den løysinga me skisserar vil anslagsvis kosta det doble. Me må på friarferd til heradet for å få til eit slikt fullfinasiert prosjekt

IAG var kalla inn til møte i heradet  den 15. Januar om  evaluering av prøveperioden med solcellemaster .

På møtet deltok Marit Ystanes, Solfrid Borge, Magnus Steigedal, Petter Ulriksen og Karl Arvid Andersen. Me hadde eit godt og fruktbart møte med mykje fram og tilbake.  Avslutningsvis kom Solfrid Borge med ei gledeleg melding. Ho ville ta dette opp i heradsstyret og innstilla på at heradet yter dei pengane me treng for å få fullfinansiert det prosjektet som me anbefalte.

Underteikna gjekk frå møtet med ei god kjensle. Me har aldri vore så nær. Me har heller ikkje mykje tid på oss. For å få behalda dei 2 millionane frå fylket må me vera i mål innan dette året.

Mvh

Karl Arvid Andersen

Leiar IAG