Koseleg jolamøte i eldrelaget

Torsdag inviterte Børve, Sekse og Espe eldrelag til jolamøte med ekstra god mat i Grannatun. Jolastemning fekk dei alt på veg inn.

Andreas Sekse, som her forsyner seg med ribba og mykje godt til,  har teke ein pause i spelinga.

 

 

 

Andreas Sekse var invitert til å spela både til jolasongane og litt elles. Noko som sette ein ekstra spiss.

Ribbo og maten elles, smaka fortreffeleg, takk vere Gunnbjørg Sekse og Borghild-Marie Meland til venstre.  Karin og Vigleik Mikkelsen var mellom dei som fekk nyta godt av godsakene.

I tillegg til jolasongar og musikk, las skrivaren Leif Harald Ystanes gjennom møteboka for dei to siste samkomene. (Biletet nedanfor.) Dei er så velskrivne at dei er for underhaldning å rekna.

Jakobs hjørna der Jakob Midtun fortel stubbar både på og ved sida av kanten, er eit fast innslag som kallar på både flir og gapskratt.

Jakob har alltid eit smil og ei saftig skrøne på lur. (Biletet)

Han er ikkje vekke leiar Jon Arne Meland heller. Han styrer møta på ein ledig og laus måte. Denne gongen las han i tillegg eit dikt om «Tilbod på jolavask for pensjonistar», som også slo godt an.

Diktet handla om ein som trudde det var kroppsvask det var snakk om, men som fekk seg ein grundig  bilvask – med tectylbehandling. Han vart i alle fall rein.

EIt triveleg bordseta i adventstida. God jol i møte!

 

Julebasar på Espe

Espe bygdekvinnelag inviterer til julebasar på Espe grendahus sundag 25. november kl. 17.00.

Jolegrana lyser utanfor Espe grendahus i fjor. (Arkiv).

Det blir stor julebasar med masse gevinstar.

Sal av kaker, kaffi, brus, loddar på bok og årer.

Ta med familie og venner på ei koseleg førjulstid.

Me tek både  kontant og vipps.

Gateljos på Sekse

Prøvemastene er sett opp.

Gateljos på seksevegen

Mesta har sett opp 2 prøvemaster nederst på Jon Arne Sekse sin eigedom mot Flisabakken.

Desse skal stå i ein periode slik at folk kan danna seg ein meining om korleis dei fungerer.

Ljoset er drive av sollcellepanel. Det er viktig at folk gir tilbakemelding om funksjon.

Ljoset er programmert til å slå seg på og av og har og rørslesensor. Det me har oppdaga er at ljoset slår seg av ca kl 0630 om morgonen. Me har gitt tilbakemelding om dette. Den viktigaste tida med ljos er jo når ungane går til skulen.

Dette er upløgd mark også for statens vegvesen. Dei har ingen erfaring med denne typen belysning. Derfor er dette ein prøveordning for vegvesenet og. Det er jo dei som skal drifta det og. For dei er det viktig at dei gjev godt nok ljos utan å kreva for mykje vedlikehald.

Gje gjerne ein tilbakemelding til underteikna. IAG vil videreformidla til tenesteleiar i Ullensvang Herad , Marit Ystanes, som er heradet sin kontaktperson. Ho har verkeleg stått på for gje Seksevegen gateljos. Men som alltid er det pengar som begrensar. Fylket har gjeve oss 2 millonar til gateljos.

Det ideelle hadde vore stålmaster med kabel i grøft. Dette er standard i henhold til Statens vegvesenet sine kriteriar for gateljos. Men dette ville hatt ei kostnadsramme på ca 5 millonar, Derfor har heradet no sett på andre og rimelegare løysingar.

Visst ikkje me vert einige og får til ei akseptabel  løysing i løpet av 2019 vil pengane gå tilbake til Fylkeskommunen.

 

Karl Arvid Andersen

IAG

Yoga-helg på Sekse

Etter ei vellukka treningshelg i januar vil me gjenta dette Kjersti M. Føllesdal kjem att og det vert nokonlunde same opplegg som sist, bortsett frå fredagen.

Laurdag 10. november: kl. 10.00 – 11.00: Uthaldenheit og styrke kl. 11.00 – 12.30: Yoga Flow Felles lunch etter treninga.

Bygdekvinnelaget handlar inn og lagar til Sundag 11. november:

NB! ME STARTAR OPP KL. 11.00 SUNDAG! Kl. 11.00 – 12.00: Styrke Kl. 12.00 – 12.15: Yoga Flow.

Ta med: Tjukkelabbar, god gensar, teppe+ treningsmatte og strikk (lang) for dei som har dette.

Velkomen til ei inspirerande og sprek helg på Sekse!!

Pris kr. 300.- Påmelding til Signe Lise Børve Me har nokre ledige plassar enno. tlf. 48213341 evt. epost: siliborve@gmail.com seinast torsdag 8/11. Helsing Børve/sekse bk.lag

40 er farten no

No har endeleg Seksevegen fått rett fartsskilting. Til no har det vore ulike tolkingar, og til dels feilskilting, noko som vart oppdaga i samband med at det skulle planleggjast vegljos langs vegen.

Nokon meinte til og med at fartsgrensa var 80 km/t når du kom ein veg, og 60 den andre. Dei nye skilta fortel med tydeleg skrift at no er det 40 som gjeld.

To skilt ved starten på 40-sona, og…….

…..eitt påminningsskilt for kvar 500 meter på høgre sida.

Me legg elles til at fundamenta til dei to fyrste led-solcelle-vegljosmastene er støypte. Mastene er såleis snart klare for montering. Dei er plasserte rett sør for Flisabakken, der dei eksisterande ljosmastene stoppar. Så snart ein har funne ut om en nye teknologien fungerer, skal til saman 100 vegljos gjera det trivelegare for alle dei som ferdast langs vegen. Ikkje minst er dette og ein skuleveg for mange.

No kjem vegljosa over Sekse

Ei heilt ny løysing, dukka opp på eit møte mellom Ullensvang herad og grunneigarane på Sekse torsdag kveld. Gløym luftspenn, kabel og grøft. No er det solcelle og led som tel. Dei to fyrste teststolpane kjem opp om få dagar.

Johannes H. Sekse

I 2017 løyvde Hordaland fylkeskommune 2 millionar kroner til vegljos langs Fylkesveg 101, Seksevegen. Ullensvang herad fekk oppdraget med å gjennomføra prosjektet.

Ein valde trestolpar og luftspenn og «Mesta» fekk tilbodet i konkurranse med tre andre. Kostnaden deira var under halvparten av den nærmaste.

Motstand

 Men det vart motstand mot luftspenn. Så vart det halde synfaring saman med Mesta, Statens Vegvesen, Kinsarvik breiband og Hardanger Energi for å vurdera ei kombinasjonsløysing mellom luftspenn og kabel i grøft. Men det vart langt dyrare enn dei løyvde kronene.

Her, ved Flisabakken, slutar vegljoset i dag. Dei to prøvemastene skal koma ovom dei.

Det heile tok uhorveleg lang tid, og prosjektet og pengane heldt på å glippa. Så dukka framtidsløysinga opp, utvikla av Mesta. Ledljos med straum frå solcellepanel.

Grubla

 Torsdag kveld møtte tenesteleiar for teknisk drift i Ullensvang herad – Marit Ystanes – grunneigarane for å presentera det nye alternativet. Med seg hadde ho prosjektingeniør Margit Børve.

Heilt sidan ho byrja i stillinga si, har Marit vore oppteken av at prosjekt vegljos på Sekse må verta realisert. Ho hadde grubla både natt og dag på korleis ein skulle få det til.

–  Me må tenkja annleis. Fornybar energi er framtida, sa ho innleiingsvis.    –  Frittståande stolpar gjer det heile meir fleksibelt. Rett nok treng ein litt fleire stolpar (rundt 100) enn elles. Men ein kan til dels bruka stolpar som alt eksisterer.

Innsparing

 Denne løysinga vil medføra ei innsparing på 25 000 kroner årleg på drift. Dei nye ljosa vert tente ved skumring, med 10 prosent styrke. Ved rørsle aukar ljoset til 60 prosent.  Etter 6 timar, sloknar dei. Men det kjem på att med ti prosent styrke om morgonen, og 60 når noko rører seg. To timar direkte solljos gjev nok straum for tre dagars forbruk.

ENGASJERT. Marit Ystanes måtte engajsera seg for å overtyda alle om at led og solcelle var framtida.

No var utfordringa å overtyda grunneigarane. Det var ikkje berre rett-fram. Fleire peika på at heradet burde ha sputta i med dei midlane som mangla for å få ei kombiløysing.

Burde ansvarsgjerast

–  Etter alle millionane ein har brukt på Lofthus sentrum, så ville det ikkje vera for mykje forlangt. –  Heradet burde ansvarsgjerast, vart det sagt.

Mange frykta derimot at det ville ta lang tid – og det var usikkert om det i det heile ville føra fram. Til slutt var det difor full semja om å gå for det nye, framtidsretta, grøne alternativet. Men dei to frå heradet lova å stå på for eventuelt å få til ei opprydding i stolpeskogen som ein i dag finn fleire stader langs Seksevegen.

Kommunal propp

 Dermed losna det, som har stått som ein kommunal propp i to år. Ystanes hadde alt ordna med to prøvestolpar, gratis frå Mesta. Jon Arne Sekse har sagt ja til å plassera dei på sin eigedom.  Åsmund A. Sekse frå Statens Vegvesen skulle syta for at dei kjem på plass. Noko, som etter alt å døma vil skje ein av dei aller fyrste dagane.

Dermed får ein testa ut korleis dei fungerer, før ein går vidare.

FRAMTIDSRETTA. Plansjen fortel kort koreis det nye systemet fungerer. Grunneigar, politikar og breibandmann, Petter Sekse Ulriksen, og ein del andre ynskte seg ei kombiløysing, men sidan ein frykta for at heile prosjektet kunne havarera, samla grunneigarane seg om det tråådlause alternativet.

I neste omgang vil ein då ta ein ny runde for å vurdera plassering, i samarbeid med grunneigarane. Ein kan også bruka ein del av dei eksisterande stolpane. Husvegger som står nær nok, kan og vurderast.

Leiar i Indre Austsio Grannalag, Karl Arvid Andersen, Marit Ystanes og Åsmund A. Sekse fekk velfortent applaus for å ha ført prosessen vidare, slik at ein no får ei endeleg løysing.

 

 

 

 

Grannabryggjo

Grannabryggjo , dronebilde av Espen Bukve

Sommaren er no over og me har lyst å starta opp att dugnadsarbeidet med  bryggjo vår. Jon Arne Sekse og Erling Børve har skrudd saman stokkane. Me har no litt meir skruarbeid før me startar med meir avstiving av kaien. Til slutt skal me leggja golvbjelkar og tredekke av impregnert plank på heile bryggja. Det skal verta ein flott samlingsplass for både unge og gamle.

Dronebilde av Espen Bukve

Bryggja vert på ca 100 m2. Det hadde vore flott visst ein eller to snikkararar kunne ha ført vidare arbeidet med hjelp av oss » vanlige » folk. Håpet vårt er å få ferdig dette arbeidet før vinteren. Ta kontakt med Øyvind Andersen eller Bjørn Terje Svoldal når det gjeld dugnad.

Om  2 til 3 veker vonar me og å sjå det fyrste slepet av bølgebrytarar som kjem sjøvegen frå Tysnes. Det vert krona på verket av det som skal verta den flotte båthavna vår. Bølgebrytarane vert ferdig montert av leverandør. Men sjølve utliggjarane skal setjast saman og monterast til bølgebrytarane på dugnad.

Me har no selt 34 plassar og har endå plass til 6 båtar. Fyrste utbyggingstrinn er planlagt til å kunna ta 40 plassar. Totalt har me løyve til inntil 50 plassar, og me kan utvida til det visst interessa er stor nok.

Gateljos på Seksevegen

Gateljos og fiber ?

Nye gateljos frå Flisabakken til Hovland

Ullensvang Herad har sendt ut informasjon om gateljos langs Seksevegen til berørte grunneigarar. Det skulle bestå av tremaster og luftspenn. Dette med luftspenn er ein nedtur midt oppi gleda over at skulevegen og turvegen vår etter lang tids kamp skulle få ljos. Mesta Elektro er entreprenøren som skal stå for arbeidet. Dette er ein gammal veg og ikkje så enkel når det gjeld oppføring av ljosmaster. Fylkesvegen eig alt frå ca 2 m og ned til 0,5 meter utanfor vegbanen.

Fredag 24. August var det synfaring angåande gateljos langs Seksevegen. Blant dei som deltok var;  Mesta, Statens Vegvesen,Hardanger Energi,Ullensvang Herad og Kinsarvik Breidband.

Ein vurderer no innspel frå grunneigarane og eit modifisert utspel er no på banen. Ein del av strekningen vert no vurdert lagt i grøft. Kinsarvik Breidband og Hardanger Energi kan vera villig til å bidra med det i tillegg til dei 2 millionane som er gitt av Hordaland Fylke.

At det no og kan verta lagt fiber i same traseen er veldig positivt for innbyggjarane langs Seksevegen !

Mesta skal i løpet av komande veke gje inn ny pris for å få ned prisen i forhold til deira opprinnenlege tilbod.

Ullensvang Herad bør og  bidra med det som eventuelt manglar av midlar for å få til ei betre løysing.

 

Leiar IAG