Ta idrettsmerket – bli med :)

Bli med og ta idrettsmerket måndag 11. juni klokka 20.00.

  • Møtestad: Ved ungdomshuset på Sekse, Grannatun.
  • Klokka: 20.00

For alle som er over 16 år.

Nokre har allereie klart kravet på både hopp og kast. No står 60 meter og 3000 meter for tur. Det er mogleg å sykle eller gå som alternativ.

Dei som ikkje har tatt krava på hopp og kast kan få ta dette samtidig.

Bli med!  🙂

Spørsmål? Kontakt Oda Gjerde Tyssebotn, 468 89 713

Medlem i IAG ?

Me vonar flest mogeleg i krinsen vår, og utenbygds med tilknyting til Indre Austsio, har lyst å støtta arbeidet vårt.

Vår nye samlingsplass ved sjøen

Det som no skjer i vår nye båthamn/bygdepark  i Grannabryggjo er eit resultat av det IAG har fått i stand ved ein stor dugnadsinnsats, medlemspengar, grasrotmidlar etc. Reguleringsplanen for båthavna er i sin heilheit utført og betalt av IAG. Det har me all grunn til å vera stolte av. Ein reguleringsplan av dette format, utført med eksterne krefter, ville hatt ei kostnadsramme på mellom  400 000 og  500 000 kroner.

Nettsida vår, som er vorte ein felles kanal for fleire lag og organisasjonar, er og betalt, utvikla og drifta av IAG.

Den nye samlingsplassen som no er under bygging, er eit samarbeidsprosjekt mellom vårt lokale idrettslag Føyk og IAG.  Kvar av desse laga har gitt kr 70 000 for å få prosjektet i gang.  No sit me att med ein heller slunken kasse og me treng meir pengar for å få dette ambisiøse prosjektet i havn. Men det viktigaste av alt er den dugnadsånda som er vist av folk i bygdene våre. Dette viser sterkt samhold og vilje til å utvikla vår eige framtid.  Og dette har me klart uten kommunale midlar !!  Ikkje alle som får det til Face-wink.svg

Visst du vil støtta oss er medlemsprisen i IAG  kr 100 pr. familie.  All støtte er kjærkome og  kan betalast inn på konto nr. 3530.27.67864. Eller vipps til IAG sekse.# 519186. Pengane går i sin heilheit til bygdeutvikling. IAG er og godkjent Grasrotmottakar i Norsk Tipping. Så visst du ikkje har knytt tippekortet ditt til eit anna lag så er me glade for alle bidrag. 5 % av tippeinnsatsen din går til IAG.

På førehand takk

Helsing IAG

Grannabryggjo

Gladmelding til alle i Indre Austsio. No kan dei som har kjøpt båtplass i Grannabryggjo starta båtpussen eller gå til innkjøp av båt ! Og dei som ikkje har kjøpt plass kan ringja Terje Mala (sjå bilete) for meir info. Det er fortsatt ledige plassar.

Bølgebrytar med utliggarar

Komplett brygge er no bestilt frå Marinegruppen på Tysnes. Det er ei beregna leveringstid på 2-3 månader. Det vert nok juli/august før alt er klart.Sjølve bølgebrytaren kjem sjøvegen frå Tysnes. Seljaren vil stå for montering og forankring . Bølgebrytaren er støpt i betong 3,30 m brei. Lengden vert 112 m . I tillegg kjem ein arm på 40 m som er vinkla 90 grader mot land. Dette vert eit nytt landemerke. Ei mektig og vindbeskytta havn . Samstundes er det under bygging ein ny bygdepark. Ein må berre beundra alle dei som har funne vegen hit og delteke i ein storstilt dugnad.

Øvingsskyting

   ESPE         SKYTTARLAG

Espe Skyttarlag sin bane

ØVING/OPPSKYTING 2018:

 Onsdag      23. Mai               kl. 1800 – 2000

Onsdag      30. Mai               kl. 1800 – 2000

Fredag        1. juni                kl. 1800 – 2000

Onsdag       13. juni              kl. 1800 – 2000

Onsdag       20. juni              kl. 1800 – 2000

Onsdag        4. Juli                kl. 1800 – 2000

Fredag         6. Juli               kl. 1800 – 2000

Hugs jegeravgiftskort og skjema for øvingsskyting.

Ein kan ikkje pårekna fleire skytingar.

Ps Følg med på aktivitskalender på sida vår !!!

Ammunisjon vert å få kjøpt på banen.

 Kontant betaling!! 

Terje Mala.

link til oppskyting :

Øvings og oppskyting 2018

Vellukka bos-aksjon

Torsdag ettermiddag samlast bortimot førti personar seg til dyst for å gjera fjøro rein for plast. Men dei fann mykje meir enn berreplast, og tok det med i same slengen.

 Av Johannes H. Sekse

Det var IAG som tok initiativet til denne aksjonen. Dei kontakta Indre Hordaland Miljøverk (IHM), som registrert IAG på det elektroniske skjemaet for plastinnsamling.

Biletet av ryddedamene Ingunn Meland og Grethe L Børve er teke på Einarhaug. (Foto: Karl Arvid Andersen).

Dei sytte for rikeleg med «Hold Norge rent»- sekkar og hadde fått på plass kontainer.

I løpet av nokre ettermiddagstimar, vart fjøro – og deromking – frå Deildo til Skjeldås – finkjemma for bos. Det vil seia at det også vart fjerna uhumske frå mellom anna veggrøfta.

SFO hadde baka masse bollar og Ingrid Svoldal kom med kake. Alt i alt vart dette ein stor suksess. Ikkje minst når ein i tillegg tek med det sosiale aspektet.

IAG-leiar Karl Arvid Andersen er ikkje i tvil om at dette må verta ein årleg tradisjon. Han takkar alle som stilte opp.

SFO hadde baka fantastisk gode bollar, og lagt ved eit eige helsingskort. Ryddegeneralen er full av lovord.

Klar til dyst. Her vert ossamlarane fordelte på grupper. Foto: Karl Arvid Andersen.

Terje Mala var ein av dei mange som gav sitt for ei rein fjøre.

Det sosiale, godpraten og kaffiiskvetten etterpå, var og viktig. Innsamlingsbasen var ved Grannabryggjo, som utan tvil vil vert ein kjær og populær møtestad for folk i krinsen i framtida. 

Kontaineren vart sikra med nett. Men det var slett ikkje plass til alt.

 

SISTE DANS…

 

Til skytebanen

Her går vegen til skytebanen. I år kan verta siste gongen me gjeng den vegen  ! Den eine institusjonen etter den andre må gje tapt. Me vert ei fattigare bygd.

Men det er som med nærbutikken. Visst me ikkje brukar han, er livsgrunnlaget borte.

Ifølge styreformann Terje Mala i skyttarlaget har årsmøtet  bestemt at dette vert siste året med oppskyting på banen. I fjor var det berre 30 som skaut opp til prøven. Det er for få til at det er forsvarleg å halda aktiviteten  i gang.

Espe Skyttarlag sin bane

Strandrydding

Minner om at torsdag 3. mai, kl 17 samlast me i Grannabryggjo til strandrydding. Der deler me oss i grupper og fordelar det området me rekk over.

IHM har sett på plass kontainer til avfallet. IHM supplerer søppelsekkar som Magne Eivind Moe har henta i heradet.

Me oppfordrar alle til å ha på seg refleksvest og ha med hanskar. Om noken har med ein kaffitår til å avslutta det heile med er det flott. Ta med kopp !!

Helsing styret IAG

Bygdeparken

Dugnadsarbeidet held fram i Grannabryggjo. Dette er eit eineståande prosjekt som me vonar dei fleste har lyst å ta del i. Mange har sikkert sett denne dugnadsgjengen, som har forskala, og i dag støypt det som skal verta grunnlaget for den nye » Bygdeparken » Dette prosjektet er i regi  av Føyk og Indre Austsio Grannalag som har løyvt pengar i felleskap.

Anve Tveit har kontroll på høgdene
Etne betong med pumpebil

Jon Sekse har vore fagmann og sett i gang forskalingsarbeidet og stilt med aggregat og verktøy  .

Så snart økonomien er der ,  startar snikkararbeidet . I fyrste omgang vert det sjølve fundamentet. Me vil då bitta saman pælane i sjøen med fundamentet i land. Arne Johanson har laga prosjektskisse og arbeidstegningar.

Me treng no meir folk. Gjerne ein eller to snikkarkyndige . Dei som har lyst å delta kan henvenda seg til Øyvind Andersen (Føyk) Tlf 41242518 og Bjørn Terje Svoldal (IAG) Tlf 48271405

Grannabryggjo har og hatt dugnad og støypt rampe til sjøsetting av båtar. Denne rampen kan nyttast gratis av dei som er medlemmer i Grannabryggjo. Det kostar 250 kroner i året å vera medlem og då støttar de og eit flott anlegg som vert til stor verdi for bygdene våre. Påmelding og innbetaling kan de gjera hjå Randi Selvåg Fresvik på tlf . 90163594

Ferdig støypt til utsetting av båtar

HUGS Å STEMME !

Her kan du stemme fram «Noregs verste veg»

RV 13

Gå inn på denne linken !! Nederst på sida (lenken) kan du bruke din stemme:

https://www.nrk.no/sognogfjordane/her-kan-du-stemme-fram-_noregs-verste-veg_-1.14009480

Ti finalistar har blitt presentert gjennom ti dagar. Fram til midnatt søndag kan du vera med på å stemma fram kva veg du meiner bør ta over tittelen som «Noregs verste veg». Vår veg RV 13 er på denne lista. Å toppe denne kåringa gjev oss eit fortrinn når det gjeld å skaffa vegmidlar til vårt distrikt.

DERFOR ER DET VIKTIG AT ALLE STEMME !

Fv. 60 mellom Olden og Innvik i Sogn og Fjordane har hatt den statusen dei siste ti åra, men i mars opna den siste av tre tunnelar på strekninga som gjer at vegen er utbetra.