I går arrangerte IAG og Ole Johnny Bukve hjertestartar-og førstehjelpkurs i Grannatun. Ole Johnny hadde med seg alt nødvendig utstyr.
Me fekk trena på hjerte-og lunge redning (HLR) og bruk av hjertestartar. Eg har hatt eindel førstehjelpkurs i mi tid, men dette er det beste eg har vore med på. Tusen takk Ole Johnny !
Trur det var ei aha oppleving for dei fleste. Dei 9 som deltok var veldig fornøgde. Å få kurs av ein som jobbar i 1. linje i ambulansetenesta var veldig bra. 80 % av alle tilfelle med hjartestans i Norge skjer i heimen. Ole Johnny seier seg villig til å halda fleire kurs visst det er interesse.
På veggen på austsida av Grannatun heng vår eigen hjertestartar. Visst nokon ein gong skulle havna oppi ein situasjon må de hugsa at hjertestartaren heng der og må hentast visst naudsynt.
Me ynskjer å høyra frå alle som kan vera interessert i bustadtomt i Indre Austsio (Fresvik-Deildo). Sprei bodskapet vidare!
Me er som nemnt tidligare ei interessegruppa som jobbar for utvikling av tomteland i Indre Austsio i regi av IAG. Me er i konkrete og positive samtalar med grunneigarar som er interessert i å skilja ut bustadtomter. Fleire har meldt si interesse, men me ynskjer fleire!
Status i det kommunale byggefeltet på Segelgjerd er at kommunen jobbar med reguleringsendring og legge til rette for 1 bustadtomt i nordenden av byggefeltet (her syner oversikta tre tomter) i tillegg er det ei ledig tomt i sør. Det er altså ikkje fire ledige tomter her som oversikta til kommunen viser ,men totalt to.
Me håpar at kommunen ynskjer dette initiativet velkomen og spelar på lag med oss. Det er prekær mangel på bustadtomter i krinsen vår. I dag er me i den situasjonen at personar som ynskjer å etablera seg i krinsen må flytte vekk, sånn vil me ikkje ha det!
Med alt det positive som skjer på Boliden, Tizir og elles er det særs viktig å legga til rette for bustadutvikling.