«Dette er noko me skal få til!»

møte1

«Dette er noko me vil og skal få til! Sa ordførar Solfrid Borge då Ullensvang herad og Indre Austsio Grannalag (IAG) inviterte til møte om reguleringsplan for bustadfelt i Markastå på Sekse tysdag kveld.

Av Johannes H. Sekse

Ordføraren hadde med seg planleggjar Randi Karin Tveit, teknisk sjef Helga Helleland og rådmann Magnus Steigedal. I tillegg hadde ei handfull heradsstyrepolitikarar og funne vegen til Grannatun.

randi

Tveit (biletet) gjekk innleiingsvis gjennom planforslaget, som no er lagt ut til fyrste gongs høyring og offentleg ettersyn.

«No er det mogeleg å påverka, seinare er det verre», sa ho og oppmoda dei rundt femti personane som hadde møtte fram, og alle andre, til å koma med innspel.

Bandlagt areal

 Fristen er sett til 24. mars. Men fylkeskommunen har bede om utsett frist til mai. Noko både salen og til og med ordføraren var sterkt kritiske til, fordi det vil seinka saksgangen kraftig.

«Dei skulle alt ha hatt nok tid» og «Kor mange gonger er ikkje denne jorda snudd før?» sa Borge, med adresse Hordaland fylkeskommune og Riksantikvaren. Sistnemnde er den einaste som kan gje dispensasjon frå kulturminnelova. Og det må gjerast om det skal kunna verta byggjefelt her.

Ein million ekstra

Eit bit av det planlagde arealet er nemleg bandlagt fordi ein skal ha funne restar etter mennsekaktivitet frå bronsesladeren. Alternativt må området gravast om att ein gong til. Det var stor semje i salen om at kostnaden til dette, på rundt ein million kroner, ville vera totalt bortkasta. Pengane burde heller ha vore brukt i sjølve planen, vart det sagt.

–  Eg skal i alle fall ta det opp med både fylkeskommunen og Riksantikvaren, sa Borge.

Viktig å halda trykket

 «No har de venta i svært mange år, så no må trykket haldast vidare for fullt!»

berge

Per Berge frå Berge Sag i Ølensvåg (biletet), har arbeidd med reguleringsplanar i ein mannsalder. Han kan lov- og regelverk og prosessane ut og inn, og korrigerte både dei kommunale planleggjarane, ordføraren og tilhøyrarane. Og mana til å stå på.

Berge meinte at planen for Markastå er fleksibel og tiltalande, slik at folk kan velja ulik byggjestil og anna. SIdan planen er både liten og enkel, bør Markaståfeltet kunna vera byggjeklart i september, meinte han.

I gang med forhandlingar

 Både Berge og andre var overraska over at ikkje heradet alt hadde sett i gang forhandlingar med grunneigarane. Noko både ordføraren og teknisk sjef, Helga Helleland sa dei skulle ta tak i no.

«Og så må de laga ein truverdig og konkret framdriftsplan», oppmoda Berge.

For ein del år sidan vart det levert inn nesten 40 underskrifter frå unge par og einskildpersonar som ynskte å flytta heim og få byggja i krinsen, til rådmann og ordførar.

Vil ha noko konkret

 I 2012 stod ordføraren i det samme lokalet som no, og proklamerte: «No skal de få byggjefeltet dykkar!» Det skjedde det ikkje særleg anna enn at skulen vart lagd ned.

Ein del unge hadde funne vegen til Grannatun, men det kunne ha vore langt fleire. Det kan ha fleire forklaringar. Men mange har nok vorte skuffa over at det har teke så lang tid som det har gjort. Eller som han sa det, leiaren i Indre Austsio Grannalag, Karl Arvid Andersen:

«Dei unge vil ha noko meir konkret før dei vil binda seg. Men dei kjem nok.»

Flotte tomter og kort veg

 Det er IAG som har drege prosessen i gang att. Men i motsetnad til mange gonger før, er heradet langt meir villig – og med i prosessen no. Difor ligg alt til rette for ein relativt rask prosess vidare.

Ikkje minst etter at Solfrid Borge runda av med å trekkja fram både kor utruleg flotte tomer det vil verta i Markastå og at ein mellom anna har kort veg til Odda, det nye kommune- og regionssenteret om nokre få år.

Fyrst av alt no, er det viktig at alle som meiner noko om planane, kjem med innspel. Etter fristen 24. mars, er det for seint.

 

 

 

 

 

IAG minner om møte

Indre Austsio Grannalag minner om møtet i Grannatun i morgon kveld – tysdag 28. februar kl. 18.00!!!!

Description: Foto: Johs H. Sekse 190109 Tone Tveito Eidnes, t.v. rådmann i ullensvang ordførar Solfrid Borge Petter Sexe Ulriksen Overrekking av underskrifte vil busetja seg i Seksekrinsen Øvre Børve innover mot Sekse Sørfjorden Photographer: Place: State: Country: Provider:
Foto: Johs H. Sekse/Hardanger Folkeblad, 19. januar 2009. Tone Tveito Eidnes, t.v. dåverande rådmann i Ullensvang og ordførar Solfrid Borge får overrekt 35 underskrifter frå unge som ynskte å busetja seg og byggja i Seksekrinsen.  Petter Sexe Ulriksen var avsendar. Øvre Børve innover mot Sekse Sørfjorden.  Tysdag kveld vil det visa seg om interessa framleis er like stor. Saka har i alle fall aldri vore nærare ei løysing.

Det gjeld framtidig busetnad i og styrkinga av Seksekrinsen. Her vil du få svar på det meste, antan du ynskjer å byggja eller er interessert av andre grunnar.

 

Eit nytt fjell på Sekse

Grannabryggjo tek form !

Mange har sett Mickael flytta ein del av Deildo til båthavne på Sekse. No hadde me lyst å sjå det nye undervannsfjellet som skal verta ein pir i den nye båthavne på Sekse.  Tor Olav Tveit og Christian Fjellheim stilte opp for oss med dykkarutstyr. Dei har tidlegare vore og inspisert sjøledningen frå septiktanken. Fantastisk positive karar !

Klargjering til dykk
Påkledning av dykkarutstyr
I vatnet
Tor Olav og Christian på veg i vatnet

Dei gleid ned i vatnet og berre luftboblene som flytta seg rundt i området avslørte kor dei var. Tor Olav stakk hovudet opp og sa  : Fyllingen er 2 meter under meg. Dei inspiserte begge sider, toppen , og sidene ned mot bonn. Christian var nede på 35 meter ytterst, då vart det så dårlig sikt at han kom opp att. Det var og sterk straum rundt fyllingen.

Korleis ser det ut ropar eg  ?  Det ser bra ut. Toppen er 4-5 meter breid og ytterste delen (kanten)ca 50 m frå strandlinja. Fyllingen ser veldig kompakt ut. Ein blanding av stein, grus og morenemasse. Det er eit nedsøkk i sentrum av piren. Det ser ut som lekteren har subba heilt ut. Christian syns han såg malingen frå Mickael i toppen. Ifølge dykkarane ser piren ferdigfylt ut. No står det berre att å få piren opp 2 meter over sjøen. Dette skal gjerast med gravemaskin, som skal byggja opp frå land og arbeida seg utover.

Dei har teke film av fyllingen som me vonar å få lagt ut. Tusen takk til begge to. Dei ville ikkje ha betaling, men dei er herved invitert til IAG sin pubkveld i Grannatun 10. Mars. (vert annonsert)

Same rutene som før

Både båtruta og dei utvida ferjerutene vert som sist, når Riksveg 13 på nytt vert HEILT STENGD mellom Børve og Lofthus frå natt til måndag 27. februar.

båt2

Båtruta og dei utvida ferjerutene vert akkurat dei same som sist vegen var stengd, melder Hardanger Folkeblad i dag, onsdag 22. februar.

Statens vegvesen valde å gje ny tillit til Rødne Fjord Cruise i konkurranse med to andre tilbydarar.

Stengjinga er varsla for fem veker. Det vil seia ut mars månad. Og denne gongen klarar dei truleg halda den fristen.

Rutene finn du her: Ruter

Statens vegvesen har eit system som gjer det vanskeleg å få med Børve på ljosskiltet deira i Odda. Der står det difor Hovland – Lofthus.

Dette er sterkt misvisane for dei som ikkje er kjende, og visstnok umogeleg å retta opp.

Som lokal-«avis» vil me difor presisera at den fysiske vegstengjinga gjeld frå Rosten, der vegen tek av til Øvre Børve, og til Geithamrane eit par km sør for Lofthus sentrum. Så får me håpa at store utanlandske køyretøy slepp å rygga langt utatt om dei ikkje har fått med seg at vegen er stengd, og at dei som bur på NedreBørve, slepp vera trafikkdirigentar for semitrailerar som mildt sagt er på vidvanke.

På Børve – eller Nausto – vert det parkering som sist, men det er oppmoda om å IKKJE parkera der bussane skal snu og stå.

 

På informasjonsbåt3
møtet som vart halde for nokre veker sidan, vart vegvesenet oppmoda om å sikra kaien mot sjøen der både skuleborn og andre må passera når dei skal med og av båten.

 

Markastå kan husa over ti familiar

Planen som no er lagd ut til offentleg ettersyn, opnar for at over ti familiar kan busetja seg på Sekse. Her er tenkt plassert både einebustader, rekkjehus og enkelthusvære.

Det vert informasjonsmøte i Grannatun tysdag 28. februar kl. 18.00.

Markatå sett mot nord. Lektaren Mikael 1, har nett tømt eit lass der det skal verta småbåthamn. Informasjonsmøtet om bustadfelt, skal haldast i Grannatun til høgre.
Markastå i framgrunnen, sett mot Stor i nord. Lektaren Mikael 1, har nett tømt eit lass der det skal verta småbåthamn. Informasjonsmøtet om bustadfelt, skal haldast i Grannatun til høgre.

Av Johannes H. Sekse

Ingen likar at dyrka mark vert teken til bustadføremål, men det aktuelle arealet vart regulert til føremålet for fleire år sidan. Etter ulike alternativ var vurderte, stod ein att med Markastå, som det einaste som var mogeleg å få realisert no.

No er det korleis plassera og kor mange hus det er plass til i det som skal verta nytt bustadfelt i Seksekrinsen.

Styret i Indre Austsio Grannlag (IAG) vonar at så mange som mogeleg nyttar seg av høvet til å få meir informasjon og engasjera seg i denne viktige saka for krinsen. Og ikkje minst bør dei som kan tenkja seg å busetja seg i Markastå, koma på banen. Hald fram med å lese «Markastå kan husa over ti familiar»

Damekveld på Espe

Espe Bygdekvinnelag inviterer til damekveld i grendahuset den 4. mars.

hennemote Sidan mars månad er midt mellom vinter og vår, inviterer bygdekvinnelaget på Espe til damekveld med overraskingar.

Dette skjer den 4. mars og kostar 300 kroner og at du er over 18 år.

euroskoDet vert servert varm mat og noko godt i glaset når du kjem. Det er ikkje sal av alkohol, så du må ta med drikke sjølv.

Du kan derimot kjøpa loddar i «kveldens bok» og det vankar mange store, flotte premiar.  «Henne Mote» og «Eurosko» kjem og held moteshow der dei viser fram det som er nytt av våren.

hennemote2Kva du har på deg, er ikkje så viktig som at du stiller med godt humør.

Du må elles melda deg bindande på til Liv Jorunn Liknes seinast 26. februar.

Tlf. 90 50 26 56.

Reguleringsplan og møte om Markastå

No er reguleringsplanen for det som kan verta bustadfelt i Markastå lagd ut for offentleg ettersyn  og høyring. Frist for innspel er 24. mars.

2015-08-03 17.22.40

Dette biletet viser både det regulerte området og eksisterande bustadfelt i Flisabakken på oppsida av Seksevegen. Biletet er teke rett før ein starta arbeidet med kraftverket i Sandstå. Dei to bustadhusa heilt i sør er innlemma i reguleringsplanen. No gjeld det at alle som har noko å bidra med, gjer det.

Det vert og eit informasjonsmøte om planen. Det er ikkje tidfesta enno.

«Reguleringsplanen søkjer å legga til rette for etablering av eit nytt bustadområde, med tilhøyrande leike- og uteopphaldsareal, trafikkareal og parkering.»

«Planområdet har to bustadhus (gnr. 81/12 og 81/10,29), med tilhøyrande garasjeuthus. Uthus nedanfor bustadhuset på gnr. 81, bnr 12 er føresett reve før utbygging. Det er planlagt 10 nye bustadtomter, derav 9 tomter til nye einebustadar og 1 tomt til 3 rekkehus eller einebustadar i rekke. (For sistnemnde tomt vil naudsynt inndeling av tomter skje som del av byggesakshandsaminga.)»

Her finn du heile planen:

https://www.ullensvang.herad.no/index.php/nn/22-nyhende/219-hoyring-og-offentleg-ettersyn-av-forslag-til-detaljreguleringsplan-markasta-bustadfelt

Her er plankartet:

https://dl.dropboxusercontent.com/u/25025123/Markast%C3%A5/Markast%C3%A5-plankart_02.pdf

Innspel til planarbeidet skal rettast skriftleg til: Ullensvang herad, merkast “12/418 Markastå”, Heradshuset, 5780 Kinsarvik eller e-post: postmottak@ullensvang.herad.no.

NB!!!!!!! Ved å gå inn her finn du svært mykje informasjon og tidlegare innspel både for og mot planane om bustadfelt i Markastå:

https://dl.dropboxusercontent.com/u/25025123/Markast%C3%A5/Planomtale%20og%20konsekvensutgreiing.pdf