Ny avtale Sekse Barnehage

Lag og organisasjonar i Indre Austsio har fått ny avtale med Ullensvang Herad vedrørande bruk av ute- og inneareale. Me meiner dette er ein god og framtidsretta avtale både for heradet og Indre Austsio.

Det vart helde møte i grenda sitt rom i barnehagen.

Frå Heradet møtte Magnus Steigedal, Inger Sekse og Rørnes

Frå grendene stilte 17. mai komite, Sekse og Børve Bygdekvinnelag, 4 H, IAG og Føyk.

Kontigent 2016

Kontingenten i år
15.04.2016
Sjå vedlagd fil med informasjon om kontingent og betaling.

Veldig viktig at me får tilbakemeldinga som går på fødselsdato etc, dette treng me i samband med idrettsregistreringa::

Før- og etternamn
Kjønn
Fødselsdato (ikkje berre årstal).
Adresse og postnummer
e-post adresse
Tlf.nr (helst mobil)

Det ovanforståande gjeld for heile familien. Dersom ikkje barna har mobil eller e-post, oppgje dykkar eigne.

Send tilbakemeldinga til foykil@gmail.com

Sjå vedlagt skjema : Kontingent 2016

Grannabryggjo

Det har vore møte mellom IAG, Føyk og Grannabryggjo.

Det vart der diskutert den framtidige utnyttinga av landarealet /  aktivitetsparken. Dette ligg litt på sida av båtlaget sin tradisjonelle aktivitet.

Det vart sett ned ein komite på 3 personar frå styra i dei respektive lag. Dei skal arbeida  for og mot prosjektering av dei planlagde bygg i området.

Anve Tveit frå IAG, Geir Olav Guddal frå Føyk og Magne Eivind Moe frå Grannbryggjo.

Illustrasjon av Anve Tveit
Illustrasjon av Anve Tveit